Pressa fot mot strupen til sambuaren

Ein mann i 30-åra, busett i Volda kommune, er tiltalt for vald mot sambuaren.

Vald: Ein mann i 30-åra må møte i Søre Sunnmøre tingrett. 

Nyheiter

Mannen må møte i Søre Sunnmøre tingrett seinare i år og svare for tre tiltalepunkt for vald mot sambuaren sin.

Alle hendingane skal ifølgje tiltalen ha skjedd i løpet av 2017 på ulike adresser. Mannen skal mellom anna ha halde sambuaren sin fast, dytta ho slik at ho fall, slått og pressa foten mot strupen. Han skal og ha dekka over munnen slik at kvinna fekk problem med å puste. Ved to av hendingane skal kvinna ha fått blåmerke fleire stadar på kroppen.

Mannen er og tiltalt for skremmande og plagsam oppførsel overfor kvinna gjennom å ringe og sende tekstmeldingar.