Mork rehabiliteringssenter kan bli råka av helsekutt

– Vil vere ei rasering av tilbodet

Av 52 sengeplassar innanfor rehabilitering foreslår helseføretaket å kutte 30–33. 18 av desse sengeplassane er på Mork og både brukarar og tillitsvalde reagerer sterk på kuttforslaget.

Bekymra: Både brukarar og tilsette er uroa for framtida til Mork rehabiliteringssenter. F.v. Roger Båtsvik, Marte Husøy (plasstillitsvald) Elin Kleiven Nedrelid (sjukepleiarforbundet), Monica Amdam (verneombod/sjukepleiar), Gunn Kvistad Strand (fagforbundet) og Doris Vågen (ergoterapeut).  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Om forslaget som no ligg på bordet vert vedteke vil det vere ei rasering av tilbodet innanfor spesialisthelsetenesta. Det er ein tragedie for dei pasientane som det gjeld i heile Møre og Romsdal. Det vil vere ein enorm reduksjon i døgnbasert rehabilitering. Eit slikt kutt vil først og fremst gå ut over pasientane og deira pårørande, seier ergoterapeut Doris Vågen ved Mork rehabiliteringssenter.