– Vi må ha ei skikkeleg løysing, raskt!

– Helge Aarseth har jobba dugnad i fem år for å halde ved like kanalen og tømme massebassenget så det ikkje vert fylt opp. No er det nok. Kven skal ta over? Kven har ansvaret?

Synfaring: Ordførar Stein Aam og geolog Brigt Samdal frå NVE på synfaring ved rasstaden i Årsetdalen, fredag ettermiddag.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det sa Jarle Aarseth, då kommunen og NVE var på synfaring i rasutsette Årsetdalen, fredag. Her møtte dei grunneigarar og innbyggjarar med sterke og ulike meiningar i saka, og det var tidvis høg temperatur i diskusjonane.