– Sikrar oss stabilitet

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har fornya samarbeidsavtalen med Hovdebygda Langrenn for tre nye år.

Ole-Magnus Orlien, avdelingsbanksjef i Ørsta og Dag Jarle Aa, styreleiar i Hovdebygda HIL.  Foto: Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Nyheiter

– Ein treårs avtale sikrar klubben stabilitet slik at vi kan fortsette satsinga vidare. Dette er viktig for våre utøvarar som er stolte av å vere støtta av SpareBank 1 som også er hovudsponsor av langrennslandslaget.

Det seier styreleiar Dag Jarle Aa i Hovdebygda IL langrenn i ei pressemelding. Fredag signerte banken og langrennsgruppa ein ny sponsoravtale.

– SpareBank 1 Søre Sunnmøre har over fleire år samarbeida tett med Hovdebygda Langrenn. Ein del av samfunnsoppdraget vårt som sparebank er å støtte aktivitet i lokalsamfunnet. Hovdebygda Langrenn er ein aktiv klubb som arrangerer fleire årlege arrangement for barn og unge, noko vi er stolte av å vere ein del av, seier Ole-Magnus Orlien i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.