Volda kommune fekk medhald i ankesak

Frostating lagmannsrett forkasta anka frå Prosjektbygg AS mot Volda kommune.

Stridens kjerne: Oppgraderinga av Ivar Aasen-huset er kjerna i striden mellom Prosjektbygg og Volda kommune.  Foto: Høgskulen i VOlda

Nyheiter

Prosjektbygg AS var innstilt som vinnar av ein konkurranse om etablering av klimaskjerm og ny tredje etasje på Ivar Aasen-huset ved Høgskulen i Volda, men Volda kommune avlyste seinare denne konkurransen.


Volda kommune er saksøkt

Volda kommune utsette oppgraderinga av Ivar Aasen-huset, og avlyste anbodskonkurransen. Det fører til etterspel i retten.

 

Som ei følgje av denne avlysinga, gjekk entreprenøren til søksmål mot Volda kommune med krav om erstatning på tapt forteneste på om lag kroner 4.800.000,-. Det vart hevda frå entreprenøren si side at kommunen ikkje hadde rett til å avlyse konkurransen etter anskaffingsregelverket om offentleg innkjøp og hadde derfor gjort vesentlege regelbrot.

I tingretten vart Volda kommune frifunnen, og anka til Prosjektbygg AS vart i Frostating lagmannsrett vart i dom 7. januar avvist. Lagmannsretten konkluderte med at kommunen hadde sakleg grunn til å avlyse konkurransen i samsvar med regelverket.

Lagmannsretten kom også fram til at Volda kommune vann saka fullt ut, og har derfor krav på saksomkostningar.

Eigedomssjef Kjell Magne Rindal er godt nøgd med lagmannsrettens konklusjon, som også er i tråd med dei vurderingane kommunen gjorde seg før saka kom til retten. Saka vart ført av Advokatfirmaet Føyen Torkildsen ved advokat Thomas Oskar Strømbom.