Eit fargerikt og godt møbelår – men netthandelen trugar

– Det var omsnakka på jobb. At det er kjekkare å gå på jobb når du er omgitt av fargar. Det var nokre år alt i butikken var kvitt, grått og beige.

Kontrastar: Fargar, mørke vegger og mørke møblar. Det var trenden i 2018, og han held også fram i 2019, fortel Dag Tore Hagen frå Møbelringen. – Det har faktisk vore omsnakka på jobb dette. At det er kjekkare å gå på jobb når du er omgitt av fargar. Det var nokre år alt var kvitt, grått og beige.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Dag Tore Hagen i Møbelringen har sett seg godt til rette på ein oransjeraud puff i velour. Fargeklattane i butikken er mange, og moglegheitene er nær uendelege, skal vi tru Hagen. Det er slik nordmenn flest vil ha det. Mørke fargar på veggene, fargerike stolar, puter og teppe. Og møblar og puter skal helst vere i velour.