Bil i autovernet - store materielle skader

Nyheiter

Torsdag morgon køyrde ein bil i autovernet på Lauvstad. Politiet opplyser at det var ein bil og ein person involvert i ulykka.

- Førar er ute av bilen og oppgåande, skriv politiet på Twitter.

Det skal vere store materielle skader på bilen. Naudetatane er på veg til staden.