Ny Indiefjord-festival

Arragørane satsar nok ein gong på ein av regionens mest sjarmerande festivalar.

Stolt: Festivalsjef Silja Haddal Mork var sliten, men stolt og nøgd etter tidenes femte Indiefjord sist sommar.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Også i 2019 vert det Indiefjord-festival på Bjørke. Arrangørane registrerer at festivalen er populær både lokalt og internasjonalt.

– Indiefjord-festivalen vert i stendig større grad kjend i utlandet, og ikkje berre som ein eksotisk og intim festival for indiepopentusiastar. festivalen har fått svært positiv omtale i utanlandsk presse, skriv sponsoransvarleg Ivar Mork til Ørsta kommune.

Der takkar han for støtta på 10.000 kroner i 2018, og håper kommunen kan medverke også i 2019.

– I år vert han arrangert for sjette gong. Den musikalske ryggrada er indiepop, ein internasjonal sjanger der ryggrada er ikkje-kommersielle musikarar med eit breitt spekter i tekst og tone, skriv Mork.

Musikarane må dekkje reisa til Bjørke sjølv, men får dekt kost og losji.