Erlend Krumsvik eks- KrF

Møter som uavhengig frå årsskiftet

Kristeleg Folkeparti i Volda aksepterer at Erlend Krumsvik ikkje lenger er ein del av partigruppa

Ut: Erlend Krumsvik går ut av KrF og inn i Partiet De Kristne.   Foto: Ståle Wattø, Sunnmørsposten

Nyheiter

Krumsvik er vald som kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti i Volda. I haust melde han seg ut av Kristeleg Folkeparti, og inn i Partiet De Kristne.


Kommunepolitikar melder seg ut av KrF

KrF-politikar Erlend Krumsvik blir frå nyttår uavhengig medlem i kommunestyret i Volda.

 

Kristeleg Folkeparti i Volda har akseptert at han ikkje lenger representerer dei.

– I samråd med styret i KrF i Volda går eg ut av partigruppa i kommunestyret, gjeldande frå 1. januar 2019. Eg vil då møte i komunestyret, og dei andre andre poltiske verv som eg har, som uavhengig representant, skriv Krumsvik i ein e-post til Volda kommune.

Han ber om at det vert lagt til rette for ei ny gruppe i kommunestyret, mellom anna med møterom i samband med kommunestyremøta.