– Overgrep på nett inneber at offer blir utsett for livslang krenking

– Overgrep på nettet inneber ei vedvarande og livslang krenking. Du må leve med at det kan dukke opp når som helst, seier psykologspesialist Marit Buset.

Sakkunnig: Psykologspesialist og barnefagleg sakkunnig Marit Buset var tydeleg på skadeverknadene for barn som blir utsett for seksuelle overgrep. Det gjer ikkje overgrepa mindre alvorleg at det skjer med barn som lever i fattige kår, meiner ho.   Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Nyheiter

(Sunnmørsposten):Onsdag vitna psykologspesialist Marit Buset i rettssaka der ein mann i 70-åra er tiltalt for å ha medverka til grove seksuelle overgrep mot 65 jenter i Filipinane. Dei fleste jentene er i åtte-niårsalderen, men overgrepa skal også ha skjedd med barn ned i spedbarnsalder.