Vil bli dekan på kulturfag

Søkjarlista til dekanstillinga på Avdeling for kulturfag ved Høgskulen vart offentleggjort tysdag

  Foto: Joaachim Kroken Aasebø

Nyheiter

Høgskulen skal ha tre nye dekanar. Søkjarlistene til Avdeling for samfunnsfag, og Avdeling for lærarutdanning vart kjende måndag.


Her er søkarlistene

Høgskulen skal ha tre nye avdelingsleiarar

Tre dekanstillingar er lyst ledige, og det har kome 15 søknader

 

Tysdag var søkjarlista til Avdeling for kulturfag gjort kjend, og her er det fire søkjarar.

1. Abbas Malakouti Khah

2. Mashhood Sheikh Ahmed

Dei to har og søkt på dei andre dekenstillingane.

Søkjar nr 3 er unntatt offentligheit (Mann)

Fjerde søkjar er Jens Standal Groven

Standal Groven er i dag prorektor ved Høgskulen i Volda.

Ved Avdeling for kulturfag har Aud Folkestad vore dekan i tre periodar på fire år kvar, og ho kan ikkje ta ein ny periode.

Få søkjarar

I alt er det 15 søknader til dei tre åremåla som dekan.

– Eg skulle gjerne ønskt fleire søkjarar for å få større breidde, seier vikarierande høgskuledirektør Per Halse.

Av dei eksterne søkjarane er det fleire ukjende namn. Og det er ikkje mange interne søkjarar, sjølv om to av avdelingane heilt sikkert skal ha nye dekanar.

– Dei som har søkt er gode søkjarar, men eg skulle også gjerne sett fleire interne kandidatar. Vi har mange på Høgskulen som godt kunne tatt på seg ein dekanjobb, men det verkar som dei heller prioriterer det faglege arbeidet, seier Halse,

 No skal eit utval sett ned av høgskulestyret vurdere søkjarane og gjennomføre intervju med dei som er aktuelle.

– Det kan og kome på tale å utvide søknadsfristen, seier Per Halse