Rettssak om overgrep startar tysdag

Ein mann i 70-åra oppbevarte cirka 36.000 bilete og filmar som viste seksuelle overgrep mot barn. Tysdag startar rettssaka.

Overgrepssak: Rettssaka mot ein mann i 70-åra startar i Søre Sunnmøre tingrett tysdag.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Ifølgje tiltalen skal mannen i 2013 via videochat medverka til at nokon hadde seksuell omgang med ein barn under 14 år. Han skal ha betalt for tenesta og gitt instruksjonar og ønsker for kva for seksuell aktivitet som skulle utførast. Overgrepet vart filma og strøyma til mannen sin pc.

Mannen er tiltalt for å ha brukt videchattetenesta ved ti høve frå august 2012 til oktober 2013 der det på oppfordring frå han har skjedd seksuelle overgrep mot barn under 14 år. Ved over femti høve skal mannen ha oppfordra til seksuelle overgrep mot barn under 16 år.

Mannen skal ha teke skjermbilete av mange av videochattane, og skal ha oppbevart cirka 36.000 bilete og filmar som viste seksuelle overgrep mot barn.

Saka har ei strafferamme på tjueein år i fengsel.