Over 23.000 løyste kinobillett i fjor

Årsbesøket på Ørsta kino i fjor enda på 23.290 personar. Og den mest populære filmen var Mamma Mia: Here we go again.

Populær: Mamma Mia: Here we go again var den mest populære filmen på Ørsta kino i fjor.  Foto: filmweb

Opera: – Det er ei stor oppleving å sjå opera på Ørsta kino på vårt store lerret og med god lyd, meiner kinosjef Janne M.G. Skarstein.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

I 2017 enda kinobesøket i Ørsta på vel 15.800 besøkande.

– Besøket var noko lågare enn i fjor då kinosalen vart renovert, og vi hadde ein periode med stengt kino, fortel kinosjef Janne M.G. Skarstein.

Filmen Mamma Mia: Here we go again var den mest populære filmen på Ørsta kino i fjor. Heile 23 gonger vart denne filmen vist, og 1.945 personar såg filmen i Ørsta.

På andreplass kom den norske filmen Skjelvet som vart sett av 1.589 personar, og på tredjeplass kom Den 12. mann som vart sett av 926 personar.

Mykje å gle seg til

Framover meiner kinosjefen at publikum har mykje å gle seg til i løpet av året. Ein av filmane Janne M.G. Skarstein har forventningar til er Beautiful boy.

– Det er ein sterk film i dramasjangeren, basert på ei sann historie. Dette er ei sterk, rystande og ei varm skildring av relasjonen mellom ein far og sonen hans, fortel kinosjefen.

– Dragetreneren 3 kjem endeleg på kino, det er siste kapittelet i historia om Hikken og draken hans Tannløs, seier Skarstein.

– Psykobitch er filmen alle ungdommar og foreldre bør få med seg. Det å våge å vere den ein er, er tema her, og filmen er både underhaldande og viktig, meiner Skarstein.

Ein «lettare» film er Blue Iguana.

– Det er ein britisk actionkomedie med mykje futt og fart som filmar i den sjangeren skal ha.

Ørsta kino presenterer også opera, og 27. januar kjem Aida,

meisterverket til Giuseppe Verdi framført under festspela i Salzburg i 2017.

Oppleving

– Det er ei stor oppleving å sjå opera på Ørsta kino på vårt store lerret og med god lyd, meiner Skarstein.

I desember viste Ørsta kino Nøtteknekkaren frå Royal Opera House.

– Det var ei veldig fin oppleving for mange, og det kan hende det til og med blir ein tradisjon? Vi har også opera å by på frå dei store scenene rundt omkring i verda. Ørsta kino har gått inn i eit samarbeid med LiveKino, som leverer eit spennande utval av konsertar, ballett, opera og meir til kinolerretet, seier kinosjefen.