Gatelysa fall ut i Olavsgata

Ørsta kommune melder at gatelysa har falle ut i Olavsgata. Arbeidet med feilretting er prioritert.

Kommunen slit med gatelysa tysdag morgon.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Gatelysa i Olavsgata vestover mot Vikemarka skule har falle ut. Ørsta kommune har varsla BKK og bedt dei om å rette feilen raskt, då dette er nær skulen/skuleveg. BKK vil prioritere dette, melder Ørsta kommune på si heimesida.

Kommunen har også bedt om at andre områdefeil i sentrum vert tekne i samband med denne feilrettinga.