Stabile fødselstal i Volda

Det vart 500 babyar - heilt nøyaktig

Godt berekna: Nøyaktig 500 born vart fødde på sjukehuset i Volda i fjor.

Ny leiar: Frå nyttår tok Gunvor Bergem Lia over som seksjonsleiar for føde, barsel og gyn på Volda-sjukehuset.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Seksjonsleiar for føde, barsel og gyn på Volda-sjukehuset, Gunvor Bergem Lia, er godt nøgd med fødselstala.

– Ja, vi er veldig glade og nøgde over tala. Vi trudde at 2017 var toppåret, men vi fekk veldig gode tal også i fjor, konstaterer Bergem Lia.

I 2017 vart det fødd 509 born på Volda-sjukehuset, i fjor vart det fødd altså berre ni færre.

Nest størst

– Volda sjukehus held posisjonen, og vi er den nest største fødeseksjonen i helseføretaket, og har fleire fødslar enn sjukehusa på Molde og i Kristiansund, fortel Bergem Lia.

I mange år har fødselstala i Volda lege oppunder 500 fødslar. Toppåret var i 1991 då 518 born kom til verda på det som då heitte fødeavdelinga i Volda.

78 av borna som vart fødde i Volda i fjor kom frå Nordfjord. Dette handlar om mødrer som bur i indre og nordre Nordfjord, i kommunar som Hornindal, Stryn, Eid og Vågsøy.

Barseltid

– Mange av nordfjordingane som føder i Volda vel å ta barseltida på sjukehuset på Eid, fortel Bergem.

Tilbodet på Eid heiter God Start og gjeld barselopphald for mor og barn som ikkje har trong for medisinsk oppfølging. Det er gynekolog eller barnelege ved fødestaden som vurderer når mor og barn kan flyttast til Nordfjord sjukehus for barselopphald.

Tidlegare var våren, og spesielt april, ein månad då mange kom til verda i Volda. Bergem Lia fortel at fødselsmønsteret ikkje lenger er så tydeleg

Seksjonen for dei fødande ved Volda-sjukehuset har i alle år hatt eit svært godt rykte. Kvalitetstala er framleis gode.

– Ja, vi ligg godt an i høve kvalitetstala, og kvaliteten på tenestene våre vert vurdert som veldig gode, noko vi jobbar mykje med, fortel Bergem Lia som sjølv er jordmor.

Ho er leiar for ein seksjon med god rekruttering. Seksjonen har 13,75 stillingsheimlar for jordmødrer og 5,75 for barnepleiarar. Dette fordeler seg på 18 jordmødrer og 7 barnepleiarar. I tillegg kjem to sekretærar.

Frå nyttår vart Gunvor Bergem Lia ny seksjonsleiar, og tok over etter Haldis Nilsen som no har pensjonert seg etter heile tretti år som leiar for «føden».

– Vi som jobbar her vil rette ei stor takk til Haldis for lang og tru teneste, seier Bergem Lia.