Nekta straffeskuld for alvorlege overgrep

– Små asiatiske jenter utsett for overgrep

Ein mann i 70-åra nekta straffeskuld for fleire av dei mest alvorlege tiltaltepunkta mot han. Mannen er tilalt for overgrep mot over seksti utanlandske barn via internett.

Politioverbetjent Solveig Bunes og statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

I desember 2015 fekk politiet i Møre og Romsdal overført ei sak om potensielle overgrep via internett frå Kripos. Dei hadde fått melding frå FBI om fleire personar i Noreg hadde kontakt med person i Fillippinene for å få oversendt bileter og filmar av overgrep mot barn, i tillegg til direkte strøyming av overgrep via webkamera. Bak eit av brukarnamna var den tiltale 70-åringen. Mannen sin bustad vart ransaka av politiet i februar 2016, og det var gjort beslag av overgrepsmateriale på harddiskar, laptopar, mobiltelefonar og minnepinnar.