Widerøe kan droppe rutekutt

Samferdselsminister Jon Georg Dale varslar endringar i avgiftssystemet for rutefly. Det kan medføre at Widerøe droppar moglege rutekutt.

Avgifter: Samferdselsminister Jon Georg Dale foreslår å endre avgiftssystemet for flytrafikken. Det kan medføre at Widerøe droppar rutekutt.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Måndag varsla Dale at regjeringa legg ut til høyring eit forslag om å endre avgiftssystemet. Forslaget vil tilgodesjå mindre fly som flyg innanriks, samstundes som det ver dyrare for internasjonale selskap som flyg i norsk luftrom på oversjøiske flygingar.

Forslaget kan medføre at selskap som Widerøe får redusert avgiftene med inntil førti prosent.

– Når det kjem signal som dette, utset vi sjølvsagt ei avgjerd om moglege rutekutt, seier Widerøe-sjef Stein Nilsen til Dagens Næringsliv.

I fjor haust varsla Widerøe moglege kutt på dei kommersielle rutene grunna avgiftsnivået. Ei av rutene som kunne ha fått kutt, er Ørsta/Volda–Oslo. Det er ei rute som vert driven utan statsstøtte.

– Eg er opptatt av å styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.