Vil endre prostigrensene

– Vert bispedømegrensa endra, vil det vere naturleg at også prostigrensene vert endra.

Til Møre bispedøme: Kyrkja på Grodås vert del av Søre Sunnmøre prosti, når Hornindal vert del av nye Volda frå 2020.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Administrasjonen rår fellesnemnda for nye Volda kommune om å gjere vedtak om at grensa mellom Nordfjord prosti og Søre Sunnmøre prosti vert endra. Det vil i så fall bety at Hornindal etter 2020 vert det av Søre Sunnmøre prosti, Møre bispedøme. Frå før er det tilrådd at bispedømegrensa vert endra i tråd med endring av fylkesgrensa, når Hornindal i Nordfjord vert del av Volda på Sunnmøre frå januar neste år.

– Fellesnemnda legg elles til grunn at dei ressursar som Bjørgvin bispedøme i dag har i

Hornindal, vert overført til Møre bispedøme, vidare at Hornindal sine ressursar i Nordfjord prosti vert overført til Søre Sunnmøre prosti. Dette for å sikre ei framleis gode kyrkjeleg teneste for innbyggjarane i Hornindal.

Saka skal handsamast i Møre bispedømmeråd 8. februar og i Bjørgvin bispedømeråd 19. februar og i Kyrkjerådet 14. og 15. mars 2019. Deretter vert saka sendt vidare til endeleg handsaming i Kulturdepartementet. Det vert lagt opp til at vedtak trer i kraft samstundes med kommunesamanslåinga.