Vert buande på trass

– Nei, vi flyttar ikkje. Det er ein protest. Vi vert verande, sjølv om forholda vert vanskelegare viss ferja ikkje lenger kjem.

Skår: Gullbjørg Birkeland og Asbjørn Skår vil verte buande på Skår, sjølv om det kan verte slutt på ferja. Men kvardagane vert vanskelegare, meiner dei.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Gullbjørg Birkeland (64) og Asbjørn Skår (69) er dei einaste som er att på Skår, den vesle veglause grenda på vestsida av Hjørundfjorden, mellom Sæbø og Bjørke.