Gåve til Volda frå Dale

Samferdselsminister Jon Georg Dale gjev 600.000 kroner i tilskot til sykkelparkering ved Øyra skule og Volda ungdomsskule.

Øyra skule: Øyra skule får 300.000 kroner frå staten til sykkelparkering.  Foto: volda kommune

Nyheiter

– Vi ønsker å legge til rette for at fleire tar beina fatt eller syklar når dei har høve til det. Då skaper vi betre mobilitet og miljø, i tillegg til betring av folkehelsa, seier Dale i ei pressemeldinga.

For 2019 fordeler regjeringa 78,5 millionar kroner for å støtte opp om tiltak og prosjekt fylkeskommunane og kommunane har ansvaret for, seier Dale.

Tilskotsordninga vart etablert i 2014 og er søknadsbasert. Alle fylkeskommunar og kommunar er inviterte til å søke. Statens vegvesen har teke imot til saman 109 søknadar frå 59 søkarar. Totalt vil 58 tiltak no få tilskot.

For å få støtte må søkarane bidra med 50 prosent eigendel. Tilskotsmidla kan nyttast til mellom anna sykkelfelt, gang- og sykkelvegg, sykkelveg med fortau, fortau, utbetring av kryss og sykkelparkering. Eit viktig mål med ordninga er å auke fokuset og satsinga på sykling og gåing ute i landets fylkeskommunar og kommunar.

Dei som får tilskot vert kontakta av Statens vegvesen om kort tid.