Det vert aldri for mykje fotball -

– Om det kan bli for mykje fotball? Eg seier som Arne Scheie: Kan det bli for mykje bøker i eit bibliotek?

Lagbilete: Silje, John Rune, Sverre og Tore har brukt mykje tid på Aurstad Arena dei siste åra, og fotballfamilien har eit sterkt engasjement for Ørsta IL fotball.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

På 90-talet hadde Ørsta sitt herrelag i fotball si siste stordomstid. Roar Vinjevoll hadde vore engasjert i fotball i mange år, og var på denne tida leiar i Ørsta-fotballen. Ørsta spelte på det tredje høgaste nivået i norsk fotball og interessa rundt laget var stor. Med ein far som fotballeiar vart det naturleg for Tore Vinjevoll å vere med a-laget både på heime- og bortebane. Då Tore sine eigne ungar byrja å bli biten av fotballbasillen vart det bestemt å ta opp att tråden med å følgje Ørsta i tykt og tynt.