Leiarartikkel

Det sårbare mobilnettet

- Det viser seg gong på gong at den nye teknologien er sårbar, skriv redaktøren i Møre-Nytt i leiarartikkelen laurdag 5. januar.

På Stokke bles dei gamle telefonstolpane ned 1. nyttårsdag. Her heng også fiberkabelen som syter for mobilnett.  Foto: Rune Sæbønes

Det viser seg gong på gong at den nye teknologien er sårbar

Nyheiter

Så vart det ein rufsete start på den nye året. Verst var det for folk i Årsetdalen, som måtte flytte heimanfrå nyttårsaftan på grunn av rasfare.

Helge Aarseth i Årsetdalen fortel at han har hatt hovudansvaret for å tømme massebassenget som er laga til for å samle opp stein og masse som sig nedover fjellsida i faret etter det store raset i 2013. Slik skal det ikkje vere, og det har Aarseth fått forsikringar om frå kommunen. Vi får håpe han ikkje blir skuffa over hjelpa frå det offentlege denne gongen, slik han og naboane har blitt før.

Folk i Hjørundfjorden er også skuffa. Både over den offentlege beredskapen, og over beredskapen til dei som leverer straum og teletenester. Det er først og fremst mobilnettet som har vore problemet. Mange var utan mobiltelefon dei første døgna i 2019. No finst det andre måtar å kommunisere på, men problemet er at mobilnettet også trengst for at anna infrastruktur skal fungere.

Som ein av våre lesarar kommenterer på morenytt.no: «Mykje av sikkerheita i samfunnet no er avhengig av mobilsambandet, og tryggleiksalarmar, brannalarmar og andre kommunikasjon går på mobiltelefon. Slik situasjonen er i dag er vi fullstendig fråtekne sikkerheita i bygda når vi treng det mest.»

Folk har, med meir eller mindre tvang, bytta ut fasttelefonen med mobiltelefon. Men det viser seg gong på gong at den nye teknologien er sårbar. Dei gamle lokalkjende reparatørane er bytta ut med automatiske løysingar som ikkje fungerer. Det tar fleire døgn før feil vert ordna, sjølv når kabelbrota ligg rett ved ein riksveg. Dessutan er det uråd å få vite kva som har skjedd. Sjølv vi som er profesjonelle informasjonsinnhentarar slit tungt med å trenge gjennom dei sjølvbetente informasjonssidene. Og i teleselskapa er det visst ingen som tek telefonen lenger.