Dale Vindu & Interiør flyttar til tidlegare Eiksenteret i løpet av første halvår

Kjøkken og dekk saman i tidlegare Eiksenteret

I løpet av året kan du i same bygg sjå på kjøkken samtidig som at du får lagt om dekka på bilen.

Byter lokale: Dale Vindu & Interiør har behov for større plass. – Vi håper å vere på plass i dei tidlegare lokala til Eiksenteret i løpet av første halvår, seier seljar og eigar Yngve Dale (t.v.) og dagleg leiar Stein Kaarstad.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Vi har i mange år hatt alt for liten plass

Yngve Dale
Nyheiter

For det er ikkje berre Harald Vatne og Vatne Dekkservice som flyttar inn i det tidlegare Eiksenteret i Anders Hovden-gata: Dale Vindu & Interiør har vakse seg ut av lokalet i Ivar Aasen-gata. Og sjølv om det manglar eit styrevedtak, tyder alt på at det går mot flytting som vil gi betre logistikk og plass for bedrifta som i år fyller femten år.