Dagens bonde jobbar digitalt

Regelverket syner ingen nåde. Vi slepp ikkje inn grisefjøsen til John Magne Krøvel (34) i Åmdalen. I tilfelle måtte vi hatt med attest frå lege om at vi har testa negativt for antibiotikaresistente bakteriar.

Agrilogg: Datasystemet gjev eit digitalt bilete av bondens arbeid. Systemet tilbyr over 20 ikon for alt som må registrerast anten det gjeld slått, rundballar, snøbrøyting og strøing, innleige av folk, HMS for landbruket, plantevern, sprøyting, gjødsling, beiteslepp, sanking, brunstkalendar, temperatur i kjølen, vedlikehald av bygg osv.   Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

Nyheiter

(Sunnmørsposten) Og om vi hadde hatt legeattesten i orden måtte vi likevel ha iført oss munnbind, eingangshanskar, lue og klede som høyrer til fjøset for å verte klarerte. Men journalist og fotograf får kome inn på kontoret berre vi tar på reine plasttrekk over fottøyet.