Vatn truga hus

Måtte ha hjelp til vatnet på Lystad.

  Foto: Ørsta brann og redning

Nyheiter

Regnveret har ført til flaumstore elvar, og ein huseigar på Lystad frykta at vatn skulle renne inn i huset.

Magnar Lystad får hjelp mot flaum på Lystad.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad, Sunnmørsposten

 

Ørsta brann og redning reiste ut for å bistå.

Det vart bestemt å sende bod på ein gravemaskin som kunne leie vatnet frå ei elv vekk frå huset.

Ei gravemaskin ordna ny veg for vatnet som truga huset til Magnar Lystad.  Foto: Ørsta brann og redning

Det er tydeleg at det har regna mykje på Nørestranda, for elva frå Skorgedalen var veldig stor fredag.

Elva frå Skorgedalen er diger fredag  Foto: Svein Aam