Mellom 60 og 70 er tilsette

Ny drift hos Aurstad

Det har kome i gang ny drift hos Aurstad. Gjennom selskapet Aurstad Tunnel AS er fleire anleggsarbeid i gang, og mellom seksti og sytti personar er tilsette i dette selskapet.

Optimistisk: Dagleg leiar Jo Stian Tverberg har stor tru på at Aurstad-selskapa skal verte slagkraftige og robuste.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Vi har stor tru på at vi skal verte eit konkurransedyktig selskap, og vere med på kontraktane som kjem i marknaden, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg hos Aurstad.