Har fått att mobilnettet

Mobilnettløysa i Hjørundfjorden snart over

Det har vore store problem med telefonsambandet til folk i Norangsfjorden sidan 1. nyttårsdag  Foto: Arkivfoto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Deler av Hjørundfjorden var framleis utan mobilnett fredag morgon, men det nærmar seg ei løysing, lovar teleselskapa. Kommunen  la ut denne statusen på si heimeside fredag morgon:  "Telenor arbeider enno med feilretting etter fleire linebrot i Bondalen og på Sæbø. Eltel jobbar med linebrotet i Bjørdalsbakken og opplyser at feilen skal vere retta innan kl. 16.00 i dag. "

I lløpet av formiddag fredag fekk Møre-Nytt fleire meldingar frå folk i Bondalen og i Norangsfjorden om at dei hadde fått att mobiltelefonsambandet.