Ei sjølvfølgje i dag – eit underleg ljoshav tidlegare

Straum ja, er det ei sjølvfølgje?

Minne: Gamle kjerrehjul er mellom dei gode minna om farne tider som Bjørn Sindre Ytrestøyl og svigerinna Torill G. Wollmann har mellom gardstinga på Ytrestøylen. Foto. Hjørdis Almelid Vikenes 

Nyheiter

Ole Johannes Ytrestøyl, også kalla Ola, og broren Andreas sytte for at garden deira på Ytrestøylen i Volda fekk straum tidleg på 1900-talet. Den gongen var det nytenking og hardt arbeid som låg bak at gardstunet fekk lys. I dag tek alle det som ei sjølvfølgje at ein har straum. Fotefara frå forfedrane og formødrene finn dagens bebuarar på Ytrestøylen fleire stadar i husa på garden.