Får flytte heim i Årsetdalen

Dei evakuerte på Vartdal får flytte heim att i kveld

Årsetdalen nyttårsaftan. Vatn fossar opp frå underdimensjonerte rør.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

- Det har vore arbeidd med å reinske ut massebassenget på Årset, som vart fylt opp av skredmasser nyttårsaftan - og som førte til at fem hus måtte evakuerast.  Det er no fjerna så mykje masse at dei geologiske vurderingane om kva som skal til for å trygge husa nedanfor er tilfredstilt, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Politiet har, i samråd med Ørsta kommune, difor bestemt å oppheve evakueringa av dei fire siste husa. Bebuarane er varsla om at det no er trygt å flytte heim. 

- Arbeidet med å tøme massebassenget heilt vil halde fram torsdag, ettersom det er meldt meir nedbør på fredag, skriv kommunen på heimesidene. 

Ørsta kommune har teke kontakt med NVE med tanke på ei synfaring av massebassenget og terrenget på Årset. Føremålet er å ta stilling til om det er behov for forbetringar eller andre løysingar for sikring av husa.