Flaum og rasfare

Fem hustandar evakuerte på grunn av rasfare

Fem hustandar i Årsetdalen vert evakuerte nyttårssftan på grunn av rasfare.

Flaum og rasfare i Årsetdalen på Vartdal  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Store mengder regn har ført til fleire mindre ras i området der det gjekk eit stort jordskred i Årsetdalen for fem år sidan. Vatnet vaskar stein og masse nedover fjellsida, og skaper ein farleg situasjon. Tidleg på dagen gjekk det to forholdvis store skred.

– Vi har sett krisestab i kommunen, og vurderer det slik at fem huststandar må evakuerast, seier ordførar Stein Aam i Ørsta kommune.

Vatnet strøymer nedover det gamle rasfaret i Årsetdalen  Foto: Svein Aam

 

Vurderinga er gjort i samråd med politiet. Kommunen har sendt bod på ein geolog.

- Ein geolog er på veg, og han må vurdere korleis rasfaren utviklar seg. Vi reknar med at det vert gjennomført ei fagleg vurdering i løpet av morgondagen, seier ordføraren.

Jord og masse fører til at avløpssystemet ikkje klarer å ta unna vatnet, og det er flaum på vegen.

"FV67 blir mellombels stengt forbi rasområdet i krysset Busetvegen/Årsetdalen Mulig med omkjøring via Vartdalsvegen", skriv vegmeldingssentralen på Twitter.