Sæbø-kvissen engasjerer

– Noko av det fine med Sæbø-meisterskapen i kviss er at det er skapt ein fin aktivitet når det er mørkt ute. Folk treng samlingsplassar også i den rolege tida.

Nyheiter

Seier Tor Grunde Simonsen. Saman med Øyvind Taklo inviterer han til ein ny runde med Sæbø-meisterskapen i kviss.

Det var for fem år sidan at tiltaket kom i gang, som eit samarbeid mellom bygda og Hotell Sagafjord. Tiltaket vart straks ein suksess. Ein fredag i månaden vert hotellet fylt opp med folk som storkosar seg med å svare på spørsmål dei kanskje ikkje kan.

– Vi ville byggje ein møteplass for bygdefolket, og samstundes var det viktig å vise at hotellet også er ein uformell møteplass. Det er lett å tenkje at dit går du berre når det er eit jubileum eller eit større selskap. Slik er det ikkje, seier Simonsen.

Kviss: Øyvind Taklo (t.v.) og Tor Grunde Simonsen er klar med ein ny sesong i Sæbømeisterskapen i kviss. Fire rundar vert det frå januar til april.  Foto: Rune Sæbønes

I vinter vert det fire fredagskveldar med kviss. Den fyrste kvelden vert den 25. januar. Den siste i april.

– Folk må merke seg at den fyrste kvissen vert i lokala til Sæbø D/S Ekspedisjon, Dampen, på Sæbø-kaia. Hotellet har stengt i januar, men opnar i februar, og då er vi tilbake der, seier Simonsen.

Han og Taklo trur og håper folk vil kose seg også på «Dampen».

– Der er trongare, men det gjer berre at det vert meir intimt. Det vert atten års grense også på Dampen, fortel Simonsen.

Då Sæbø-meisterskapen i kviss vart starta for fem år sidan, ante ikkje Simonsen kor godt folk ville ta i mot tiltaket. Han hadde då sjølv flytta til Sæbø, og sakna ein sosial samlingsplass. Han kom frå Oslo, der han var fast deltakar i ein kviss på Grünerløkka.

– Mesteparten av opplegget rundt kvissen har eg henta derifrå. Ein tredel av spørsmåla er musikk, elles handlar det om allmennkunnskap, fortel Simonsen.

Deltakarane på kvissen er folk frå atten til langt over sytti.

– Folk må vere med på eit lag med minimum to deltakarar. Det som er artig, er at mange kjem til kvissen utan å vere med på eit lag. Då er det ingen problem med å få plass hos nokre som ynskjer ein ekstra deltakar. Det er også kjekt å sjå at folk kjem både frå Ørsta og Volda for å vere med på tevlinga, fortel Simonsen.

Det vert kåra ein vinnar for kvar konkurransekveld, og sæbømeister vert det laget som har høgast poengsum etter fire rundar.