Nynorsk kultursentrum får pengegåve

NPK: Kulturdepartementet løyver 233.000 kroner til formidling av og forsking på nynorsk skriftkultur.

Aasen-tunet: Nynorsk kultursentrum får 233.000 kroner i pengegåve. 

Nyheiter

– Dette gjer at gjestene våre på arrangement, festivalar, internett og i utstillingane kan få meir kunnskap og fleire opplevingar i 2019. Det er kjekt å få ei slik julegåve allereie før julaftan, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark ved Nynorsk kultursentrum.

Pengane kjem frå gåveforsterkingsordninga, som gir 25 prosent av gåvebeløpa institusjonen har fått av private aktørar. Nynorsk kultursentrum opplyser at dei i 2018 har fått større gåver på til saman 933.780 kroner frå Det Norske Samlaget, Fritt Ord, Norsk Forfattersentrum, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger.

Målet med gåveforsterkingsordninga er å auka privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegåver.

Pengane frå Kulturdepartementet blir fordelte mellom driftsavdelingane Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret og Allkunne.