Musikk i sentrum fyller fem år

Alle skulane på Rotlaus-fest i Ørstahallen

Dei over 1.300 skuleelevane i Ørsta vert inviterte på Rotlaus-fest.

Samarbeid: Musikk i sentrum skal 7. september neste år samarbeide med Ørsta-handballen om konsert/dans med Rotlaus i Ørstahallen. Frå venstre Miranda Tryggeset, Bjørn Marius Øyehaug, Hans Robert Bondhus og Nils Dragnes. Nede: Sven Castberg og Hjørdis Almelid Vikenes.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Vi i Musikk i Sentrum vil helse til alle dei som har stått på for å få realisert Ørstahallen, og fått den slik den er. De skal ha skryt!

Musikk i sentrum
Nyheiter

Og ørstingane elles kan vere med på ein gedigen konsert.

Tid: 6. og 7. september 2019.

Stad: Nye Ørstahallen.

Bakgrunn: Organisasjonen Musikk i sentrum fyller fem år.

– Då må vi sjølvsagt gjere noko ekstra, meiner Nils Dragnes i Musikk i sentrum.

– Eg er samd. Det vert kjekt å få spele også for dei som ikkje slepp inn på konsertane våre. Det verkar som det kan verte god lyd her, seier Rotlaus-frontfigur Bjørn Marius Øyehaug.

rotlaus: Bjørn Marius Øyehaug og Rotlaus er klar for Ørsta og den nye Ørstahallen.– Det vert stort for oss, seier Øyehaug, her frå ein konsert.  Foto: Anne Karin Eikeland

 

Han var på inspeksjon i den nye Ørstahallen søndag, saman med Musikk i sentrum-eldsjelene Miranda Tryggeset og Hans Robert Bondhus. Med var også handball-entusiastane i Ørsta Handball, Hjørdis Almelid Vikenes og Sven Castberg. Dei representerte vaktene og hjelparane som skal i sving under Rotlaus-konserten som også er ein stordans. Frå dette får handballfolket kjærkomne inntekter.

Storstove

Alle måpte då dei kom inn i den nye hallen. Ikkje så rart: Bygda er i ferd med å få ei gedigen, lekker storstove, ikkje berre for idrett, men også for musikk. Fleirbrukshallen – bygt for fleirbruk.

Og det gler entusiastane i Musikk i sentrum seg stort over, organisasjonen som ønskjer å løfte og hjelpe det lokale musikkmiljøet i distriktet ved å legge til rette for gode arenaer for speling. Ikkje minst i Laguneparken. Neste år vert det femte gongen der - midt i sentrum.

– Her aular jo av band og talent, og det er verkeleg flott å sjå unge, som har øvd på rommet sitt, få debuten sin på ei scene i sentrum, det er stort for dei, og stort for oss. Like kjekt er det å kunne gi dei vaksne ei scene, seier Miranda Tryggeset.

Musikk i sentrum håper dei kan ha gjort noko positivt for musikkmiljøet. Ta Rotlaus som døme: For fem år sidan debuterte bandet nettopp under Musikk i sentrum i Laguneparken. Og i dag er Rotlaus eit av dei hottaste banda i landet.

– Dette viser at det går an å få det til med talent og stor vilje, reflekterer Nils Dragnes.

Sist Rotlaus spelte i Ørsta, var i 2016. Det var på vesle Norrøna Pub.

– I år har vi spelt vel nitti konsertar for over hundre tusen personar. Så det går no bra, seier Bjørn Marius Øyehaug utan å vere i nærleiken av å ta av, hovere eller vere høg på pæra.

Laurdag 7. september neste år vert det altså både Musikk i sentrum-konsertar og konsert og dans med Rotlaus i Ørstahallen. Og dagen før vert hallen fylt opp av skuleborn som til og med vert påspandert busskyss for å sjå det populære Ørsta-bandet.

Dei som synest det er lenge å vente til september, får høve til å høyre god musikk i påska - i Musikk i sentrum-regi.

– Vi i Musikk i Sentrum vil helse til alle dei som har stått på for å få realisert Ørstahallen, og fått den slik den er. De skal ha skryt!