Avlyser konkurranse om kommuneslagord

– Ein prosent har vore med og røysta

Nye Volda kommune opplever lite interesse rundt nytt kommuneslagord. No er konkurransen avlyst etter at svært få har vist interesse.

Rådmann Rune Sjurgard og leiar i fellesnemnda for nye Volda kommune Stig Olav Lødemel.  Foto: Roy Aron Myklebust, Fjordingen

Nyheiter

Nye Volda kommune fekk inn tretti forslag om kommeunslagord. Seks av forslaga vart plukka ut og innbyggjarane fekk sjansen til å røyste på dei. Forslaga var:

Volda kommune- vekst og trivsel!

Volda kommune - eit godt utgangspunkt.

Volda kommune - saman er vi sterkare.

Volda kommune - med kunnskap, kultur og natur.

Volda kommune - venleg, vidsynt og visjonær.

Volda kommune - med røter i tradisjon og læring.

Av dei seks forslaga fekk "Med kunnskap, kultur og natur" flest røyster (45), men grunna dårleg oppslutnad har det blitt bestemt at konkurransen skal avlystast.

– Med totalt 133 røyster, ser ein at om lag ein prosent av innbyggjartalet i den nye kommunen har vore med og gitt si røyst. Dette føler administrasjonen er eit litt for lågt tal til å kunne vere representativt for heile kommunen. Administrasjonen vurderer det difor dit at ein må avlyse konkurransen i denne omgang, skriv Avisa Møre.