Slik vert det nye mediehuset i Volda

Nytt mediehus ved Høgskulen i Volda: «EXPO» vann konkurransen.

Slik blir det nye mediehuset i Volda  Foto: Statsbygg/K. Nordang AS/PEAB og Link arkitektur

Nyheiter

Bak forslaget står totalentreprenøren PEAB/ K Nordang AS. Totalentreprenøren har med seg eit team som består av arkitektar frå Link arkitektur og rådgivarar frå Cowi på akustikk, ECT på elektro, Norconsult på systematisk ferdigstilling og livssyklusanalysar og ART på prosjekteringsleiing.

– Det nye mediebygget vil vere eit løft både for medieutdanningane våre og campus generelt, seier fungerande høgskuledirektør Per Halse.

Grunngjevinga
Det er eit utval sett saman av representantar frå Høgskulen i Volda (HVO) og Statsbygg, med eksternt innleigd leiar, som har evaluert dei fire innsende løysingsforslaga med pristilbod. I grunngjevinga heiter det mellom anna: 

«EXPO» tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå».

Det nye mediebygget inne.  Foto: Statsbygg

 

– Det har vore ein grundig og spennande evalueringsprosess for å kome fram til vinnaren, og vi er sikre på at dette bygget vil møte dei behova som HVO og medieutdanningane våre har. Skal HVO halde fram med å vere leiande på praktisk medieutdanning i Noreg, må vi også ha dei beste lokala. Det tør eg påstå at vi no får, seier fungerande høgskuledirektør Halse. – Vi ser fram til å samarbeide med entreprenør PEAB/K Nordang AS og arkitektane i Link i prosessen fram mot realisering av bygget.

Statsbygg er byggherre
Statsbygg seier i ei pressemelding at dei med dette no fullført oppdraget sitt frå HVO om å utvikle eit skisseprosjekt for nytt mediebygg og lokalisere det på Campus. Det er gjort gjennom tomtelokaliseringsanalysar, romprogram, funksjonsbeskriving, teknisk kravspesifikasjon og anbodskonkurranse for totalentreprise med løysingsforslag. Vidare skal Statsbygg vere byggherre og seinare eigar av bygninga, som skal leigast ut til HVO.

Slik skal det nye mediebygget sjå ut.  Foto: Statsbygg

 

6. desember vedtok styret ved Høgskulen i Volda at prosjektet skal vidareførast. Statsbygg vil no inngå kontrakt med totalentreprenøren og gjere løysingsforslaget om til eit forprosjekt. 

– Noregs beste
Også på Avdeling for mediefag er dei glade på denne merkedagen.

– Vi er stolte av at vi no, etter mange års planlegging, snart er klare til å sette spaden i jorda for Noregs beste undervisningsbygg for mediefag, og med nye og framtidsretta arbeidsplassar for femti dyktige tilsette, jublar dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. – Medieyrka er i stor endring. Eit nytt bygg gir oss moglegheiter til framtidsretta undervisning og forsking i yrkesretta mediefag, seier ho.

Parallelt med utviklinga av forprosjektet må eit regjeringsvedtak vere klart. Får prosjektet klarsignal, er det venta at nybygget står klart til innflytting i løpet av fyrste kvartal 2021.