K A Aurstad jobbar vidare med vegprosjektet som bidrog til konkursen

Held fram arbeidet med E6-prosjektet som gjorde at Ørsta-entreprenøren tapte fleire titals millionar kroner.

Arbeidet med E6 i Soknedal vert ført vidare.  Foto: Statens vegvesen

Nyheiter

Bustyret i det konkursramma entreprenørselskapet K A Aurstad har bestemt at arbeidet med E6 i Soknedal førebels skal halde fram som normalt. Det skreiv nettstaden veier24 torsdag ettermiddag.