– Synd å miste Hjelle

Einingsleiar bygg- og oppmåling, Kåre Hjelle. 

Nyheiter

Administrasjonen i Ørsta kommune vil så snart som råd lyse ut stillinga til einingsleiar for bygg- og oppmåling, Kåre Hjelle. Hjelle har takka ja til ei ny stilling i Volda kommune.


Skiftar arbeidsplass frå Ørsta til Volda

Einingsleiar Kåre Hjelle melder overgang til Volda.

 

– Vi misser ein dyktig fagmann og einingsleiar. Vi har ei glimrande byggesaksavdeling i Ørsta, med Hjelle og to sakshandsamarar. Dei produserer systematisk, hurtig og effektivt. Det er med tungt hjarte at vi let han gå, og vi vil lyse ut stillinga så snart som råd, informerte ass. rådmann Eldar Øye til samfunnsuvalet, tysdag.

Det vart også stilt spørsmål ved stillinga som teknisk sjef, der Eldar Øye i dag er konstituert.

Også denne stillinga vert det jobba med å få lyst ut, informerte han.

– Sidan eg sit i den stillinga sjølv, er det ikkje eg som jobbar med dette.