Kulturprisen til Roar Rønning

Roar Rønning er tildelt kulturprisen til Ørsta kommune for 2018.

Kulturprisvinnar: Roar Rønning får kulturprisen til Ørsta kommune. 

Nyheiter

Det er levekårsutvalet i Ørsta som deler ut prisen, og han vert overrekt til Rønning av ordførar Stein Aam på kommunestyremøtet komande torsdag, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

Ørsta kommune sin kulturpris for 2018 vert tildelt

I grunngjevinga frå Ørsta kommune heiter det:

«Roar Rønning har gjennom fleire tiår vore ein særs aktiv kulturutøvar. Stikkorda er m.a. lokalhistorisk arbeid, korpsarbeid, målrørsla og det frilynde ungdomslagsarbeidet.

Roar Rønning har på dei fleste områda ytt engasjert og samvitsfull innsats som summert gjer han meir enn godt kvalifisert til kulturprisen:

• Redaktør for skriftserien «Mi gamle grend» for Hovdebygda soge- og velferdslag i 22 år

• Redaktør for bladet «Jul på Sunnmøre»; i år for 32. gong

• Sidan 1976 (til 2009) vore styremedlem og prosjektmedarbeidar i Ørsta Mållag

• Sidan 1958 (og framleis) vore musikant, instruktør og tillitsvald i lokalt korpsarbeid.

Kulturprisen er på 20.000 kroner og ein diplom.