I sentrum manglar kommunen i dag plass til 120 elevar. Kapasiteten ved Velle og Vikemarka er sprengt, og Velle skule har undervisning også på kulturhuset og på Kaihuset for å få nok rom. På Sæbø er der god plass, men gamleskulen er i ein slik stand at han står i fare for å verte stengt.
- Sæbø skule og ny sentrumsskule er to svært ulike skulebyggprosjekt med sine store utfordringar, og også med stor avstand mellom bygga. Eg ser ikkje verdien av å koordinere desse to prosjekta, sa Per Are Sørheim (H) i Ørsta formannskap, etter at Stein Aam (SP) argumenterte for at dei to prosjekta burde verte drive fram samstundes under felles prosjektleiing.