Handelsnæringa og kommunen sikrar julestemning

– Eit fint pynta sentrum betyr mykje

– Vi gjer dette for bygda vår og for at vi skal vere stolte over å ha eit flott pynta sentrum.

Julestemning i Gågata: Inger Sandvik Sundnes, Hallbjørn Staurset, Stein Aam, Ove Langøy, Marianne Skare, Sissel Andenes og Endre Myklebust (Elektroservice) er glade for samarbeidet for eit julepynta sentrum.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Snøfallet tysdag og torsdag var siste brikka som mangla for at det skulle bli skikkeleg julestemning i Ørsta sentrum. Dei nye sentrumslysa strekk frå Haldeplassen og julegrana, gjennom heile Vikegata og ned til julegrana på Havtor Hovden-plassen og rundt Amfi. Lysa, som er snøkrystallar, er eit resultat av at kommunen og ein samla handelsstand i Ørsta sentrum samarbeider.

– På mange måtar er det naturleg at vi samarbeider. Vi ønsker å skape felles aktivitetar og å spele kvarandre gode. Når vi planlegg noko no så informerer vi dei andre slik at fleire kan ta del, seier senterleiar Inger Sandvik Sundnes på Amfi.