Trafikkuhell i Volda

Nyheiter

Ein bil har køyrt av vegen i Storgata i Volda og inn i ein hage, melder politiet på Twitter onsdag ettermiddag.

Ingen har kome til skade.

- Dekka på køyretøyet var ikkje forsvarlege, skriv politiet.

Det vert oppretta sak på hendinga, og sjåføren er meldt til politiet.

Førarkortet er også beslaglagt.