Fekk over 200.000 som takk for innsatsen

Gjekk 10.080 km for å leite etter Maja

513 givarar gav til saman 111.761 kroner i gåve til organisasjonane som bidrog under leiteaksjonen etter Maja Justyna Herner. Sparebank 1 Søre Sunnmøre dobla summen.

gåve: Leiar for hjelpekorpset, Øystein Øye Bjørdal, Svein Jarle Moe frå Norsk Radio Relæ Liga, Per Gunnar Engetrøen frå Norske Redningshunder, og Odd Staurset frå Sunnmøre Alpine Redningsgruppe.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Alle som var ute og leita laurdag og søndag den helga det var leiteaksjon, har gått til saman 10.080 kilometer, eller ein fjerdedel av jordas omkrets

Børulf Lefdal
Nyheiter

– De har lagt ned ein enorm innsats, takka banksjef Stig Brautaset.

Han stilte opp med to sjekkar i lokalet til Ørsta Røde Kors denne veka. Ein frå spleis-aksjonen, og ein frå banken sjølve.