Skulesaka

Går for nybygg både i sentrum og på Sæbø

Levekårsutvalet ønskjer ny skule både i sentrum og på Sæbø.

Nye teikningar viser at det vil vere mogleg å bygge ein ny sentrumsskule tett knytt opp mot dagens Velle skule. Kiwihallen som var foreslått flytta, får stå som i dag.  Foto: Norconsult

Nyheiter

Levekårsutvalet handsama saka i møte onsdag.

Saka skal vidare opp i formannskapet (torsdag) og i kommunestyret før jul.

I levekårsutvalet gjorde dei vedtak om ny sentrumsskule som skal huse elevane frå 5.-7. trinn frå Velle og Vikemarka skular.

Kapasiteten ved desse skulane er i dag sprengt, og det er lagt opp til at Vikemarka vil vere ein 1-4 skule når den nye sentrumsskulen står klar.

Om politikarane får det som dei vil, skal sentrumsskulen stå klar hausten 2020.

Vedtaket seier: Ørsta kommunestyre vedtek å bygge ny skule i sentrum krins for 5.-7.-trinn for elevar tilhøyrande Velle og Vikemarka skular.

Skulen skal byggast på areal ved dagens Velle skule. Det vert sett av 10 millionar kroner i 2019 til forprosjekt/utgreiingar. Det vert vidare sett av 120 millionar kroner i investeringsplan/budsjett for 2020 til gjennomføring av felles skulebygg for Velle og Vikemarka skular 5.-7. trinn.

Finansiering gjennom momskompensasjon og låneopptak.

Kommunen fekk nye teikningar på bordet nyleg, som viser at der er plass til eit nytt og stort nok skulebygg ved dagens Velle skule. Tidlegare var det vurdert at skulen burde ligge på tomta til Kiwihallen, og at denne då måtte flyttast. Nye utrekningar frå Norconsult i Bergen viser at dette ikkje er nødvendig.

Dersom det vert bygd ny vidaregåande skule i Ørsta, vil også dette gi skulen større uteområde.

Sæbø

Når det gjeld Sæbø skule var det i tilrådinga frå administrasjonen anbefalt å bygge paviljongar for å kunne lukke dei mange avvika som er ved skulen. Kommunen treng konkrete planar for lukking av avvik, for å ikkje måtte stenge skulen.

No går politikarane for nybygg også her. Ved å køyre prosjektet med ny skule i sentrum og ny skule på Sæbø samstundes, vil prosjektkostnadene verte mindre.

Levekårsutvalet meiner den beste løysinga for Sæbø vil vere nybygg, og sambruk mellom skule, SFO og barnehage.  Foto: Norconsult

Politikarane gjekk for kombinasjonsbygg skule og barnehage på 1.250 kvadratmeter. Dette er 250 kvadratmeter meir enn berre eit skulebygg.

- Dette alternativet vil vere ein framtidsretta skule, i tillegg til å dekke SFO og barnehage, står det i sakspapira.

Prisen for nytt kombinasjonsbygg på Sæbø er estimert å koste rundt 35 millionar kroner.

Ny sentrumsskule ligg på vel 120.

For denne perioden har kommunestyret gjort vedtak om at lånegjelda ikkje skal overskride 1,2 milliardar for kommunen samla.

- Med nye løysingar og med bygging i massivtre, kan dette gå om vi gjer dette som ei pakkeløysing for Sæbø og sentrum. Eg seier det med atterhald. Dette skal verte meir utgreidd, og saka skal også opp i både formannskap og kommunestyre, seier ordførar Stein Aam.