Helse Møre og Romsdal må fjerne 200 årsverk

Frykt i Volda

– Dette kom som lyn frå klar himmel. Vi fryktar at eit så omfattande kutt kan gå utover funksjonar.

Kutt: Også Volda sjukehus vert råka av nedbemanninga som styret i Helse Møre og Romsdal krev.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det seier tillitsvald Dagny Botn Brautaset for sjukepleiarane ved Volda sjukehus etter at styret i Helse Møre og Romsdal tysdag vedtok ei nedbemanning på 200 stillingar i helseføretaket.

Sjølv om det ikkje er sagt noko spesifikt i vedtaket, fryktar dei tilsette ved Volda sjukehus at kutta vil råke hardt også hos dei.