- Dersom ein ikkje held seg til gjeldande retningsliner, vil politiet verte varsla

Fleire bilar er parkert uløyves og hindrar snøbrøytinga. Volda kommune ber om at alle som bur i Volda respekterer skilt og vegtrafikklova.

  Foto: Volda kommune

Nyheiter

- Volda kommune oppmodar alle som bur i Volda til å respektere eksisterande skilt og vegtrafikklova. Ein minner også om at det ikkje er lov å parkere på fortau, eller gang/sykkelveg. Dersom ein ikkje held seg til gjeldande retningsliner, vil politiet verte varsla og truleg vert bilen fjerna for eigars rekning, skreiv kommunen på sine heimesider i slutten av november.

No har snøfallet kome og onsdag var brøyting i gang for fullt.

- Vi har alle våre behov for å fungere godt i kvardagen. Skal vi få til det, må kvar og ein ta ansvar for sitt køyrety og følgje dei retningsliner som gjeld. Dette gjeld både respekt for skilting og køyremønster generelt, men og respekt for kven fortau, gang/sykkelveg er meint for.