– Møter oss sjølve i døra

– Vi seier at vi vil ha større fokus på planarbeid, og så bemannar vi ned planavdelinga. Det går ikkje an!

Vil tilsette: Einar Holsvik (H) ønskjer folk i den vakante stillinga i planavdelinga.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Einar Holsvik (H) meiner det er eit paradoks at dei i samfunnsutvalet bed administrasjonen utarbeide nye og oppdaterte reguleringsplanar, samstundes som dei har halde ei stilling i planavdelinga vakant i to år.


«Oppvaskmøte» om dispensasjonar

– Vi kan ikkje be folk følgje lova når vi har haugevis med eksempel på at det ikkje er nødvendig

– De skal sjå til at lova vert følgt, og så bryt de henne sjølve.

 

– Vi møter oss sjølve i døra.

Ass. rådmann Eldar Øye seier at det er slik realitetane er.

– Det er eit frykteleg dillemma. Det går ut over både arbeidsmiljøet og moglegheitene for å legge planar. Men vi kan ikkje både spare pengar og tilsette folk i denne stillinga.

Øye rosa arbeidskapasiteten på avdelinga.

– Den er bemerkelsesverdig. Dei handterer store, tunge saker med høg kvalitet. Dette heng saman med folketalsutvikling og bulyst, men det har sjølvsagt sin pris. Mykje går over tid med entusiasme, men det er ikkje rett å slite ut folk.

– Dette må vi ta med oss vidare til gruppene i partia våre, oppmoda Holsvik, og fekk støtte for dette i samfunnsutvalet.

– Utruleg viktig at vi følgjer opp dette, sa Karl Asgeir Sæbønes (SP).

Samfunnsutvalet vedtok ein merknad til budsjettet, der dei seier at dei ønskjer å auke den økonomiske ramma til planavdelinga for å kunne tilsette i den vakante stillinga.