Sogelaget vil ha Fontena på plass

Ørsta Sogelag etterspør handling i høve plasseringa av Fontena i Vikegata.

Utsmykking: Fontena som stod i krysset Kyrkjegata/Anders Aarsæther-gata er på veg til Vikegata. Sogelaget vonar kommunen kjem på banen slik at prosjektet vert landa. Foto: Olav Lystad 

Nyheiter

– Neste år er det 80 år sidan dette vakre kulturminne vart gjeve som gåve til Ørsta, og neste år må restaureringa av Fontena, i dykkar vakre park inst i Vikegata, vere på plass, skriv leiar i sogelaget, Anne Mari Øyehaug og skrivar Bjørn Krøvel i eit brev til kommunen.

Sogelaget er undrande over det som ser ut som mangel på handling frå kommunen i ei sak som hastar.

– Kommunen har forsikra at den er i god dialog og i forhandlingar med eigarane av tomta/parken inst i Vikegata, og vil snarast råd finne løysingar. Kommunen har også forsikra at dei vil ta seg av grunnspørsmålet i høve etableringa av Fontena, inkludert vatn, tilkomst, elektrisk tilkomst og avløp for vatn m.a. Vi har også orientert dykk om dei gode detaljteikningane, inkludert materialar som opphavleg vart nytta til Fontena, skriv sogelaget.

Dei håper kommunen no legg fram kalkyle over kostnader til heile prosjektet slik at sogelaget kan søkje om midlar til prosjektet.