Maja-saka

Snøen hindrar søk

Politiet har ikkje hatt søk sidan fredag etter den sakna Maja Justyna Herner.

Slik såg det ut i Ørsta sentrum onsdag. 

Nyheiter

Status er som tidlegare. Det er ikkje gjort noko funn av den sakna. Ut fra ei heilheitsvurdering og også dårlege vèrtilhøve siste dagene, har det ikkje vore søk ute i terrenget sidan fredag, opplyser politiet i ei pressemelding.

- Tysdag 4. desember ligg det snø ned til busetnaden mot Ørsta sentrum. Politiet justerer derfor planen for eventuelle punkt og områder som er tenkt nærare utsjekka. Snøen avgrensar høva for å gjere trygge undersøkingar i dei høgareliggande fjellpartia, men leitinga held fram, heiter det i meldinga.