Over hundre dispensasjonssaker siste åra

Når folk og verksemder søkjer Ørsta kommune om dispensasjon frå Plan- og bygningslova, er det stor sjanse for at søknaden går igjennom.

Oversikt: Det var leiar Inge Kolås (Frp) som tidleg i haust bad om eit oversyn over dispensasjonssaker dei siste sju åra frå administrasjonen.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Det viser eit oversyn planavdelinga har laga til samfunnsutvalet.

Det var leiar Inge Kolås (Frp) som i august bad administrasjonen om eit oversyn over dispensasjonssaker dei to siste valperiodane.