Leiarskifte i Fora Form

Thomas Haram har blitt ny administrerande direktør i Fora Form

Thomas Haram (ståande) tek over for Ivar Sandnes som administrerande direktør i Fora Form  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ivar Sandnes går av i Fora Form. Thomas Haram tek over, skriv nettavisa nett.no.

Eigarselskapet Lammhults Design Group sende ut ei pressemelding om leiarskiftet måndag ettermiddag.

– Selskapet har hatt bra resultatutvikling dei siste åra.Vi ser behov for eit leiarskifte for å bygge ein endå sterkare bedriftskultur, står det i pressemeldinga.

Thomas Haram rykker opp som sjef etter å ha vore supply chain manager.

– Thomas Haram har på kort tid strukturert opp bedrifta innan supply chain (verdikjedeoptimalisering, red. merknad), og vi ser at Thomas har rette føresetnader for å vidareutvikle heile Fora Form, står det i pressemeldinga.

Ivar Sandnes  har vore adm. dir for Fora Form sidan oktober 2016.

– Det er ingen dramatikk i dette, korkje for meg eller bedrifta. Det heile er eit resultat av ein prosess over tid. Fora Form har fått ny konsernleiing. Dei har sine planar, og vi har ikkje vore einige, så då fann vi ut at dette var den beste løysinga, seier Ivar Sandnes til Sunnmørsposten.